Butikksuksess med yrkeskle

Frå 2012, då Bekken & Strøm overtok yrkeskle-biten frå Elias Sandbakk AS og flytta inn i lokale i Midtby, har verksemda vakse til ei avdeling med fire tilsette som omset for 25 millionar kroner i året. – Det har i grunnen vore eit eventyr, seier Inger Lise Sandbakk.

Stretch: – Det vert stilt heilt andre krav til arbeidskle no enn for 20 år sidan, folk ventar i grunnen same kvalitet på arbeidskle som fritidskle til fjellbruk. Vassavstøytande, pustande, moderne og komfortable – og så skal det vere stretch! seier seljar Per Magne Rundereim og avd.leiar/seljar Inger Lise Sandbakk. 

Nyhende

I ei av sentrumsgatene midt i Stryn ligg ei spesialforretning som knapt veit å rekke rundt til dei mange kundane sine. På 300 kvadratmeter er det tettpakka med arbeidskle, vernekle, vernesko, hanskar og ull frå inst til ytst.