VM-gull til Tarjei og Johannes:

Sjå bilda frå jubeldagen

Ein strålande nøgd Johannes Thingnes Bø tek imot jubelen frå eit tettpakka VM-stadion i Anterselva.  Foto: Sondre Eriksen Hensema NSSF

Nyhende

Tarjei i løypa.. Han gjekk tredje etappe og kunne gje broren klappet på skuldra og sende han ut på ankeretappa.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF

Johannes Thingnes Bø gjekk i mål i einsam majestet etter å ha kvitta seg med Italia på siste skyting.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF

Jubel i målområdet etter siger i Mix-stafetten på VMs første dag i Anterselva. Marthe Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.   Foto: Sondre Eriksen Hensema NSSF

Heilt fantastisk. Dette var målet vårt, sa ein rørt Tarjei Bø rett etter at det var klart at sigeren var i boks.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF

Norsk gull på første dag i VM med to markarar på laget. Italia tok sølvet, medan Tsjekkia tok bronsen.  Foto: Sondre Eriksen Hensema NSSF

Tarjei får gratulasjonsklem frå Dorothea Wierer, stjerne som går på heimebane under VM og var med og sikra Italia sølvet.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF

Blomsterseremoni på stadion. - Det osa av nervøsitet på heile stadion på siste skyting, sa Johannes Thingnes Bø, som likevel trekte det lengste strået i nerveduellen på ståandeskytinga.   Foto: Sondre Eriksen Hensema Photograp NSSF