VM i skiskyting:

Strålande start for Tarjei og Johannes

Norge fekk ein strålande start på VM i skiskyting i Anterselva då miks-laget sett saman av Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk inn til gull. Dermed forsvarte Norge tittelen frå i fjor.

Tarjei Bø sender bror Joannes ut på siste-etappe i mix-stafetten i Anterselva.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Det var spenning heilt til siste skyting, men Johannes Thingnes Bø gjekk først ut på den siste runden inn mot mål trass to ekstraskot. Dermed kunne han kontrollere det heile og krysse mållinja først.

Norge fekk ein perfekt start på miks-stafetten, og Marte Olsbu Røiseland veksla først med dei italienske heimefavorittane like bak. Olsbu Røiseland brukte berre eitt ekstraskot på sin etappe. Frankrike, som var ein av førehandsfavorittane, måtte tole ein strafferunde, og stafetten var øydelagt.

Tiril Eckhoff måtte ha to ekstra skot på liggande skyting, men revansjerte seg med ein strålande ståande serie. Eckhoff gjekk dermed først ut frå ståande skyting, med seks sekund ned til Italia. Inn til veksling auka ho forspranget til 11,6 sekund.

På 3. etappe leverte Tarjei Bø ein solid første skyting, og avstanden ned til Italia var uforandra. Men på ståande vart det nervepirrande då han bomma på det siste skotet. Etter to ekstra skot var Italia no i tet, med fem sekund ned til Tarjei. Også Tsjekkia var føre i løypa.

Bø tok likevel raskt att forspranget, og han veksla likt med Italia som framleis hang med.

VM-gull: Frå venstre Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.  Foto: Ragnar Singaas

Nok ein gong var det Johannes Thingnes Bø som skulle avgjere for Norge, men det sat langt inne då også han måtte ty til to ekstraskot på siste ståande skyting. Men også italienaren Dominik Windisch trengde to ekstraskot, og med 9,3 sekund forsprang kunne Johannes gå i einsam majestet over mål. Italienarane kunne juble for sølv, medan Tsjekkia tok ein overraskande bronse.

– Stort! Siste skyting oste av nervøsitet, eg går på og det blir litt bingo. Men eg fiksa biffen til slutt, sa ein glad og letta Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet.

Laurdag går sprinten, med jaktstart søndag. Mest truleg med to stryningar på startstreken.