Feira med den berømte skralla

Tarjei Bø "feira" sigeren i målområdet med den berømte skralla til supporter Arve Hafsås. Skralla er dekorert av motivllakkerar Laila Garlid.   Foto: Sondre Eriksen Hensema

Nyhende

Tarjei Bø kunne etter sigeren på mix-stafetten sjåast i målområdet, veivande med den etter kvart berømte "kråkeskralla" frå Stårheim.

Skralla til ein av Nordfjord skiskyting sine nestorar, Arve Hafsås, har fått mykje merksemd på meisterskapar opp gjennom.

Skralla er i si tid faktisk kjøpt i Anterselva, men er dekorert av motivlakkerar Laila Garlid i Stryn.

- Artig, seier Garlid, etter å ha sett bildet med Tarjei Bø som svinger skralla som ei sigersfane i målområdet.

Arve Hafsås er eit kjent syn på skiskyttartribunene.   Foto: Skjermdump frå IBU