Skogsfagleg fokus i Innvik

Vikane Skogeigarlag og Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerte måndag skogdag på Drageset i Innvik hos skogeigar Bente Drageset.

Kapping: Kapping var eitt av fleire tema Arnt Laukland, innleigd instruktør for Sogn og Fjordane Skogselskap, tpk føre seg.  Foto: Arnt Magne Paulen

Nyhende

Arnt Laukland frå Skogselskapet og Kjell Åshammar frå AT Skog var innleiarar, og fokuset var tømmerkapping, innmeldingsrutinar og sortiment, kursing innan miljøsertifisering og skogprat generelt.

Innvik: Skogsfagleg fokus på Drageset måndag, der Vikane Skogeigarlag og Sogn og Fjordane Skogselskap inviterte til skogdag. Alle foto: Arnt Magne Paulen  Foto: Arnt Magne Paulen

Det var totalt 16 frammøtte, og det vert meldt om ei triveleg stund med fagprat og skogskaffi.

Pause og skogsprat: F.v. Jakob Grøsvik, Bjørn Tisthamar, Arne Olav Paulen Drageset, Lars Tisthamar, Harald Heggdal (skjult), Asle Lyslo, Jørgen Solheim, Arne Solheim (delvis skjult) og Tore Drageset.  Foto: Arnt Magne Paulen

Sogn og Fjordane Skogselskap er eitt av 19 regionale selskap tilslutta Det norske Skogselskap, ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider for å skape forståing for alle verdiane knytte til skogen.

Hogst: Arne Olav Paulen Drageset har drive hogsten på Drageset, der skogdagen vart halden. Skogeigar er Bente Drageset.  Foto: Arnt Magne Paulen

Vikane Skogeigarlag er ein del av AT Skog SA, som m.a. arbeider med å tilby omsetjing av tømmer, sikre rammevilkår for næringsmessig utnytting av medlemmane sine skogeigedomar, tilby skog- og utmarkstenester, arbeide for auka bruk av skog-, tre- og utmarksprodukt og stimulere til næringsutvikling.

Gardsgravar: Arnt Magne Paulen stilte med gardsgravar med tømmerklo.  Foto: Privat