Hovudlandsrennet i skiskyting:

Ann Kristin nummer fem

5. plass: Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, tok ein flott femteplass i klasse J16 under hovudlandsrennet, normaldistanse, i skiskyting.  Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, vart nummer fem på dagens normaldistanse under hovudlandsrennet i skiskyting.

Hardbaggløparen deltek i klasse jenter 16 år, og ho hang lenge med i kampen om ei pallplassering. Ut frå første skyting låg ho på tredjeplass, medan ho låg som nummer fire etter andre skyting. Begge opphalda på standplass gav fullt hus. Utover i løpet tapte ho nokre sekund til toppen, og i mål var ho 23,7 sekund bak vinnaren Ragna Fodstad frå arrangørklubben Østre Toten. Opp til pallplass var det berre 18 sekund. I alt stod det 61 løparar på startstreken i denne klassen.

Eirik Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL, gjorde også sine saker godt i klasse gutar 15. Blant 94 startande enda han på ein sterk 11. plass, 2.15,3 bak vinnaren Jørgen Nordhagen frå Lier IL. Eirik hadde ein bom på kvar av skytingane, noko som gav eitt og eit halvt minutt i tillegg.

Torje Seljeset, Markane IL, vart med fem bom nummer 36 i denne klassen.

I klasse jenter 15 var det Kristine Sandstedt Ingebrigtsen frå Skonseng som gjekk til topps. Frøya Haughovd frå Stårheim IL fekk ein flott 11. plass etter feilfri skyting. Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Markane IL, følgde like bak og vart nummer 15. Mari Sofi Meland, Markane IL, vart nummer 26 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, nummer 61.

Hovudlandsrennet gjeld for 15 og 16-åringar, og vert rekna som eit norsk meisterskap for aldersgruppa.

Normaldistanse, sprint og stafett står på programmet.