Futsal:

KM-sluttspel på Sandane

Sluttspel: Selma Guddal Breivik i aksjon for Stryn J15 i kvalifiseringa i Styrkhallen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det er klart for spennande KM-sluttspel i futsal for aldersbestemte lag denne helga. Trivselshagen på Sandane er arena for sluttspelet.

KM i futsal blir arrangert for sjette gong i fylket.

Stryn har med seks lag i årets sluttspel; gutar 13, jenter 13, jenter 14, jenter 15, gutar 16 og jenter 19.

Gruppene til Strynelaga

Gutar 13, avdeling 1:

Førde, Stryn, Bjørn, Måløy, Dale

Jenter 13, avdeling 1:

Hafslo, Stryn, Sogndal, Førde 2, Gaular

Jenter 15, avdeling 2:

Førde, Syril, Jotun, Stryn

Jenter 19:

Dale, Førde, Sandane, Stryn, Tambarskjelvar, Eid

Jenter 14, avdeling 1:

Jotun, Gaular, Stryn, Førde 4

Gutar 16, avdeling 2:

Kaupanger, Stryn, Syril, Førde 2

Det skal spelast nær 200 kampar i Trivselshagen denne helga.