Handball:

Stryn opp på andreplass

Siger: Marie Johannsdottir og Stryn slo Florø 3 fredag kveld.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Stryn sitt 4. divisjonslag i handball for damer klatra opp til andreplass på tabellen etter 23-20 siger over Florø 3 heime i Strynehallen fredag kveld.

Dermed fekk laget revansje etter det skuffande tapet mot Syril i førre runde.

Det var to av dei yngste spelarane som "stal showet" mot Florø sitt tredjelag. Joanna Øvre-Flo vart toppscorar med heile ni nettkjenningar, medan Marie Johannsdottir sette inn fem mål.

Bortelaget kom best i gang i oppgjeret og var i front nesten heile førsteomgangen. Joanna Øvre-Flo utlikna til 9-9 eitt og eit halvt minutt før kvilen, og Andrine Lødemel Bøe sørga for 10-9 leiing til Stryn sekundar før halvtid.

Stryn auka forspranget jamt og trutt utover i andre omgang, og var ein periode oppe i ei femmålsleiing. Sigeren var av det fortente slaget, og Stryn gjekk også forbi Florø 3 på tabellen.

Komande veke er det duka for lokaloppgjer borte mot tabellnabo Eid.