Æresmedlem Haugen

Æresmedlem: Inge Asbjørn Haugen vart tildelt æresmedlemskap i Hornindal Idrettslag av årsmøtet søndag kveld. T.v. leiar i friidrettsgruppa Irene Lødemel og t.h. leiar Robert Grodås.   Foto: Sverre Leivdal

Nyhende

Inge Asbjørn Haugen er tildelt æresmedlemskap i Hornindal Idrettslag.

Haugen vart tildelt æresmedlemskapet av årsmøtet søndag kveld. Milslukaren var innstilt av styret i idrettslaget og av friidrettsgruppa. Haugen fekk tildelt æresmedlemskapet mellom anna fordi han har gjennomført heile 601 maraton, og for å ha trufast representert Hornindal Idrettslag sidan han byrja konkurrere på 80-talet. Han kan også sjå tilbake på lang og trufast innsats som krumtapp i arrangementet Hornindalsvatnet maraton, melder idrettslaget.

Eksklusiv liste

– Eg hadde ein liten mistanke om at noko var i gjære sidan eg fekk melding om å kome på årsmøtet, seier Haugen, som no er fjerdemann som blir æresmedlem i idrettslaget. Oliver Fagerheim, Frode Grodås og Anders Fannemel er dei andre æresmedlemane.

Neste maratonløp på programmet for Haugen blir truleg 28. mars i Bergen. Maraton i Vestlandets hovudstad var også arena for maraton nummer 601. Nummer 600 vart gjennomført på Bislett.

– Eg nærmar meg fem timar blank, så eg satsar på under fem timar i løpet av sesongen om eg får trent godt, seier Haugen til Fjordingen.