- Eg var nok litt bekymra i starten, seier Gunn Karin Norlie:

Gunn Karin jobbar på Tenerife, der fleire er koronasmitta

- Vi var nok litt bekymra i starten, men tek det roleg, seier Gunn Karin Norlie frå Stryn, som bur med familien på Kanariøyane, der det er påvist fleire tilfelle av koronaviruset og mange turistar har site i koronakarantene.

Unngå panikk: - Myndigheitene her har vore veldig flinke å komme med informasjon for å unngå panikk. Ein har fått høyre legar og ekspertar uttale seg og komme med informasjon i staden for at rykter får spre seg, seier Gunn Karin Norlie frå Stryn, busett på Tenerife. Foto: Privat 

Nyhende

Gunn Karin Norlie har i snart 22 år veksla mellom å bu i Stryn og på Tenerife. Mest på sistnemnde, men innimellom har ho hatt både kortare og lengre opphald i Norge.