Joanna på regional landslagssamling

Samling: Joanna Kveen Øvre-Flo frå Stryn er teken ut til regional landslagssamling i Bergen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Joanna Kveen Øvre-Flo (16) frå Stryn er teken ut til regional landslagssamling i handball.

Samlinga blir arrangert i Haukelandshallen i Bergen førstkomande måndag, melder Region Vest.

Joanna er saman med Marit Mardal frå Gloppen einaste uttekne frå gamle Sogn og Fjordane. I alt 27 spelarar deltek på samlinga.