«Helt med» satsar med eige prosjekt Stryn

«Helt Med» er eit prosjekt som tek sikte på få personar med utviklingshemming ut i det ordinære arbeidslivet. No satsar prosjektet i Stryn.

Første møtet mellom partane: Frå venstre Stig Ove Brobakk In Via, Jarle Eknes «Helt Med», Jann T. Aasbak «Helt Med», Torstein Tvinnereim, Geir Ueland In Via, Karin Gregersen Vik.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Hittil har prosjektet etablert seg i byområde, men har ambisjonar om å dekke heile landet. «Helt Med» har vald å satse på Stryn der målet er å etablere ordinære arbeidsplasser for utviklingshemma. Første møtet fann stad i Stryn kommune sist fredag der representantar frå kommunen, InVia og «Helt Med» deltok saman med representanter frå Stryn Venstre, som har jobba politisk for å få prosjektet til Stryn.