Alle trafikkstasjonar stengde

Fredag stengde alle trafikkstasjonane til Statens vegvesen dørene. I første omgang til og med 26. mars, opplyser Statens vegvesen.

Nordfjord trafikkstasjon er ein av vegvesenet sine trafikkstasjonar som no er stengd.  Foto: Anne- Mari Aalberg

Nyhende

Det betyr at alle førarprøvar og teoriprøvar er avlyste.

I tillegg er dei digitale tenestene til etaten nede over helga. Frå måndag vil det igjen vere mogleg å sende salsmeldingar, betale omregistreringsavgift eller omregistrere køyretøy på nettet.

– Vi beklagar ulempene dette medfører, men håper på forståing for at vi må gjere tiltak i denne ekstreme situasjonen vi no er i, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Coronaviruset påvirkar også anleggsverksemda til Statens vegvesen.

–Som følgje av det som no skjer, kjem vi til å redusere kor mykje vi kan vere til stades på prosjektanlegga, og følgjer situasjonen tett saman med entreprenørane.

Det seier Kjell Inge Davik, direktør for utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen, i ei pressemelding. Han viser til at divisjonen har ansvaret for ei rekkje store og små vegprosjekt rundt om i landet.

(©NPK)