- Kommunen kan ikkje nekte folk å pendle

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Kommunar med lokale vedtak om karantenereglar kan ikkje nekte innbyggjarar utan indikasjon på eller eksponering for smitte utreise frå kommunen for å pendle over fylkesgrensa.

Dette opplyser assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid.

19 kommunar i Vestland har innført lokale vedtak om karantenereglar, som mellom anna gjeld for innreise frå andre fylke. Fylkesmannen har fått i oppgåve å gjennomføre lovlegheitskontroll av desse vedtaka.

- Vi får nokre meldingar frå innbyggjarar utan indikasjonar på eller eksponering for smitte som pendlar over gamle fylkesgrenser, om at kommunar med lokale karentenevedtak vil nekte dei utreise frå kommunen i karantenetida, til dømes for å ta opp att arbeidet sitt i kommunen dei pendlar til. Fylkesmannen kan ikkje sjå at ei slik praktisering følgjer av nokon av dei lokale vedtaka om karantenereglar vi har oversikt over, seier Hæreid.

Fylkesmannen meiner at ei slik praktisering vil vere i strid med dei grunnleggjande vilkåra i smittevernlova § 1-5:

Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep.

- Vi legg til grunn at innhaldet i karanteneplikta i dei lokale vedtaka er det same som i dei nasjonale karantenereglane. Vi gjer til slutt merksame på at Folkehelseinstituttet rår frå å gjere lokale karantenevedtak, fordi dei har avgrensa effekt, seier Hæreid.

Anbefalingane frå Folkehelseinstituttet kan du lese her.