Hovudredninssentralen:– Utsett toppturen

Hovudredningssentralen i Sør-Norge ber toppturfolk utsette turar som følgje av korona-utbrotet.

Utsett: Hovudredningssentralen ber toppturfolk utsette turane.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/Npk

Nyhende

– Den norske beredskapen vert sett på prøve i desse dagar. Det gjeld også alle våre redningsressursar. Det viktigaste no er å følgje dei råda som vert gitt for å minske smittespreiing og trygge dei mest sårbare gruppene. Ta vare på kvarandre, utsett toppturen og delta i dugnaden, skreiv Hovudredningssentralen i Sør-Norge i ei melding søndag.

Også lokale hjelpekorps oppmodar toppturentusiastar til å vise omsyn, ifølgje Møre-Nytt.

– Beredskapen har vi, men vi må ta dei same omsyna til smittevern som alle andre. Berre dei som må ut, kjem til å rykke ut. Vi bør helst ikkje køyre i same bil. Vi må organisere utstyr med god avstand til kvarandre, tungt utstyr. Vi samarbeider ofte med andre hjelpekorps, men dei er då sjølvsagt frå ein annan kommune og kanskje frå eit anna fylke. Kva reglar gjeld i den kommunen? Vi har skjerpa beredskapen vår, men alt vil og må ta lenger tid under ein redningsaksjon slik situasjonen er no, skriv Ørsta Røde Kors hjelpekorps. (NPK)