LEIAR:

Mange arbeidsplassar vil ryke

Skal vi unngå at Norge står tilbake betydeleg ribba for arbeidsplassar, må det sterkare lut til

Nyhende

Den unisone bodskapen frå handelsnæringa, reiselivsnæringa og andre tenesteytande næringar som har måtte stengje, er at koronasituasjonen mest truleg vil føre til eit skred av konkursar. I tillegg til den alvorlege helsefaren viruset utgjer, utgjer faren for kollaps i store delar av næringslivet ein svært dramatisk situasjon.

Regjeringa har sett i verk mange krisetiltak allereie. Eitt viktig tiltak er endra reglar ved permitteringar. Redusert arbeidsgjevaravgift eit anna. Men dette er ikkje noko verdt for bedrifter som har måtte permittere heile staben, rett og slett fordi dei ikkje har lønskostnader å betale arbeidsgjevaravgift av.

Utsett betalingsfrist for skatter og avgifter er bra for likviditeten, men er samtidig det same som å skubbe problema fram i tid. Skal vi unngå at Norge står tilbake betydeleg ribba for arbeidsplassar, må det sterkare lut til. Det veit både regjering og storting. Så langt har ingen funne oppskrifta som kan hindre masse- arbeidsløyse.

Alle tiltaka som begrensar folk sin fridom er gjort for å hindre smitte og dermed ta vare på våre medmenneske. Dess flinkare vi er til å følgje desse reglane, dess færre vil bli smitta. Og kjem samfunnet raskare tilbake i normal modus, vil vi og oppleve færre konkursar og færre arbeidsledige.

Bilete av fotballspelande folk på korona-stengde fotballbaner og mangedobling av folk som prøver å melde permanent flytting til hytta, vitnar dessverre om at egoet for nokre er større enn omsynet til fellesskapen. Dei som har forsøkt flyttemelding til hytta, har gjort seg meir bry enn det er verdt. NRK har vore i kontakt med Folkeregisteret, som seier at desse søknadene er sett på vent i lys av koronasituasjonen. Dessutan er det slik at spørsmålet om hytte som helårsbustad vert regulert av dei enkelte reguleringsplanane i kommunane. Dei fleste hytteområde er regulert som landbruks-, natur og friluftsområde og kan difor ikkje nyttast til bolig, opplyser Folkeregisteret til NRK. Moralen bør vere innlysande: Dette er ikkje tida for kreative påfunn for å omgå regjeringa sine påbod.

Bengt Flaten, ansvarleg redaktør