Framleis stengde trafikkstasjonar

Nordfjord trafikkstasjon: Det er framleis stengde trafikkstasjonar.  Foto: Anne- Mari Aalberg

Nyhende

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding onsdag at trafikkstasjonane vil halde stengt fram til og med 13. april.

Opphavleg var trafikkstasjonane stengde til 26. mars, denne perioden er altså no forlenga.

- Det betyr at du ikkje får utført tenester på trafikkstasjonane våre. Men mange av tenestene er likevel framleis muleg å gjennomføre digitalt på vegvesenet sine nettsider, opplyser Statens vegvesen.


Alle trafikkstasjonar stengde

Fredag stengde alle trafikkstasjonane til Statens vegvesen dørene. I første omgang til og med 26. mars, opplyser Statens vegvesen.