Vil kjøpe i staden for å leige toalett

Stryn kommune brukte i fjor nær 275.000 kroner i leige og frakt av to mobile toalett i Lodalen. No har politikarane bestemt at dei vil kjøpe i staden for å leige.

Kravde Tiltak: Villtelting og forsøpling melde seg for alvor som eit problem i Lodalen i 2018. Kommunen plasserte i fjor ut to mobile toalett, i tillegg til utvida renovasjonsløysing.  

Nyhende

Renovasjon- og toalettløysingar for Lodalen og Olden stod på sakskartet i formannskapet torsdag. Eit møte som erstatta det oppsette kommunestyremøtet. Spørsmålet er i kva skala ein skal vidareføre tiltaka som vart sett i verk i fjor, med utvida renovasjon- og toalettløysingar i turistsesongen.