Riccovero-eigaren takkar for all god støtte

Etter at Riccovero slo seg sjølv konkurs, har det strøyma på med støtte-erklæringar til bedrifta.

Set stor pris på støtte: Finn Einar Kvamme er glad for all støtte han og dei tilsette har fått etter at Riccovero måtte gå den tunge vegen til skifteretten. – Dette varmar og gir ny energi, seier han.   Foto: Privat

Nyhende

Støtteerklæringane har kome både i kommentarfeltet til meldinga bedrifta sjølv posta på Facebook, og i kommentarfeltet til artikkelen Fjordingen delte på Facebook.