Korona sette hjarteoperasjon og nyretransplantasjon på vent

Øystein Frivold lever etter kreftoperasjon i haust utan nyrer og med dårleg hjarte, fordi undersøking, eventuell hjarteoperasjon og nyretransplantasjon vart utsett på ubestemt tid. Fem dagar før han skulle inn til undersøking slo koronaen inn over landet, og timen vart avlyst. Gunnhild Sindre gnnhild.sindre@fjordingen.no

Isolert heime: – Eg er lukkeleg som får bu heime, og som har Randi, seier Øystein Frivold. Det var ei lei overrasking at sjukehusundersøkinga vart avlyst, slik at Øystein, som fekk fjerna nyre med kreftsvulst i september, verken får mulig hjarteoperasjon eller kome inn i køen for nyretransplantasjon. Han lever no utan nyrer og er isolert heime, heilt avhengig av dialyse. Foto: Tad Davidson 

Det gjer sterkt inntrykk når barnebarnet Leif på 4 år seier til foreldra: «Jeg vil ikke at bestefar skal dø»

Nyhende

Dermed er den tidlegare presten i Hornindal, Nordsida og Randabygd sokn i ei uhyre utsett risikogruppe. Han og kona lever isolert heime, der dialyse gjer jobben nyrene hans skulle ha gjort.