Fjordingen permitterer

Bengt Flaten, redaktør i Fjordingen, beklagar at bedrifta opplever så stor svikt i annonseinntektene at han for første gong i historia har måtte permittere tilsette.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Stort bortfall av annonsar sidan 12. mars har gitt eit dramatisk inntektstap for Fjordingen. – Det er trist å måtte permittere kollegaer på grunn av inntektssvikt og mindre arbeidsmengde, men med eit bortfall i annonseinntektene på 50–60 prosent i april, har vi måtte redusere kapasiteten i marknadsavdelinga vår med 50 prosent, seier redaktør og dagleg leiar Bengt Flaten. Han håpar situasjonen vil normalisere seg etter kvart, og seier lyspunktet er over 100 nye abonnentar siste vekene.