Korpsa håpefulle etter møte om krisehjelp

Korpsa i landet er styrkte i trua på tilpassa krisehjelp etter eit møte med kulturminister Abid Raja (V).

Musikkorps over heile landet slit økonomisk sidan basarar og andre aktivitetar har blitt avlyst. Her frå ei øving i fjor vår med Olden Hornmusikk og Hornmusikken i Vikane. (Illustrasjon)  Foto: Berit Melheim/Arkiv

Nyhende

Over heile landet strevar musikkorps no med skrapa pengekassar fordi loppemarknadene og basarane i vår ikkje har vorte noko av.

Onsdag hadde Norges Musikkorps Forbund og Korpsnett Norge eit møte med kulturministeren for å diskutere krisa.

Styreleiar Morten Skaarer i Korpsnett Norge meiner Raja uttrykte forståing.

– Fleire av medlemmene våre er no i ein kritisk likviditetssituasjon, og det er avgjerande å få vedteke ein tilpassa tiltakspakke som treffer oss. Vi trur vi saman kan få til ei løysing som hindrar at korps blir lagde ned som eit resultat av krisa, seier han.

Kulturdepartementet har allereie lagt fram ein tiltakspakke for det frivillige som har vore meint å dekkje tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter ved avlysingar og utsetjingar av arrangement.

Men desse tiltaka treffer dårleg for korpsa, som i stor grad har hatt inntektene sine frå loppemarknader, bingo, sal av vaflar og kaffi og basarar.

Under koronakrisa har mange av desse inntektene ikkje kome, midt under det som plar vere høgsesongen for korpsa.

Om lag 63.000 nordmenn er aktive i 1.800 korps rundt om i landet.

(©NPK)