Avlyser NM for aldersbestemte lag

Avlyst: Ingen NM-deltaking på strynespelarane (f.v.) Trym Vatn Øvreberg, John Erlend Bø, Steinar Hauge, Sondre Holmlund Ørjasæter og Martin Sætre i år.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Norges Fotballforbund avlyser NM for aldersbestemte lag i 2020. Dette grunna koronapandemien. Dermed blir det ikkje kåra norgesmeistrar i klassene G16, J16, G19 og J19 denne sesongen, skriv haugenfotball.no.

Også dei tre store fotballturneringane i Skandinavia, Norway Cup, Gothia Cup og Dana Cup, er avlyst. Fleire lag frå Nordfjord skulle etter planen ha delteke på ein av desse.