Lone Vik frå Stryn klar for eliteserien:

Har signert for Molde HK

Lone Vik frå Stryn er klar for eliteserieklubben Molde Handballklubb.

Lone Vik frå Stryn har signert kontrakt med eliteserieklubben Molde HK. Ho har spelt fleire sesongar for Volda i 1. divisjon.  Foto: Anne-Mari Aalberg (arkiv)

Nyhende

- Eg har signert ein toårskontrakt og sluttar meg til laget i juli, seier Lone Vik til Fjordingen. Ho gler seg til å spele under den nytilsette og profilerte trenaren Tor Odvar Moen, som mellom anna har Champions League-gull og ei rekkje seriemeisterskap med Larvik på CV'en.