Opnar for meir normal idrettsaktivitet for born og unge frå 15. juni

Fleire idrettar vil kome i gang att når regjeringa no ønskjer å opne opp for meir normal idrettsaktivitet for born og ungdom. 15. juni er datoen som er sett.

Idrettsaktivitet: Regjeringa ønskjer å opne opp for meir normal idrettsaktivitet for born og unge i midten av juni. Handballen sentralt håpar at vedtaket kan slå positivt ut for dei.   Foto: thomas thaule (illustrasjon)

Nyhende

– Dette er nok ein gledens dag og ein ny milepæl for den gradvise og kontrollerte gjenopninga av barne- og ungdoms- idretten i Norge. Eg opplever at kulturminister Abid Raja og norsk idrett har eit felles mål om å kome i gang med barne- og ungdomsidretten så snart dette er muleg, seier idrettspresident Berit Kjøll.

Bekymra for fråfall i idretten

Helse- og omsorgsdepartementet har bede Helsedirektoratet om å revidere smittevern- rettleiaren for barne- og ungdomsidrett som skal gi mulegheit for å utøve begrensa fysisk kontakt i løpet av juni månad.

– Norges idrettsforbund har uttrykt bekymring for ein auka fråfallsrisiko når born og unge ikkje kan utøve idretten dei er så glade i. Mykje aktivitet er no allereie i gang for fullt etter den førre oppmjukinga 7. mai, og med denne bestillinga frå regjeringa vil fleire idrettar kunne kome i gang før sommaren. Det er svært viktig for motivasjonen til våre unge utøvarar, seier Kjøll og legg til:

– Norges idrettsforbund vil no jobbe tett med dei enkelte særforbunda og med Helsedirektoratet for å klargjere mandatet og den vidare prosessen for å greie ut kva for idrettar som det kan vere forventa å kome i gang med tilnærma normal aktivitet i løpet av juni.

Idretten skal framleis ivareta smittevernet

Helsedirektoratet vil no gå i dialog med Norges idrettsforbund for å få innspel til dette arbeidet, og kvalitetssikre at innspela er praktisk muleg å gjennomføre. Nokre begrensningar i gruppestorleikar vil framleis kunne gjelde. Likevel vil regjeringa sitt ønskje om å opne for idrettar med sporadisk kontakt gjere det mykje enklare for fleire idrettsgreiner å organisere meir normal aktivitet.

Skal bidra i dugnaden

– Det er viktig at vi gir oss sjølv tilstrekkeleg med tid for å bidra til ein god prosess med god forankring og deltaking frå idrettsbevegelsen i dette viktige arbeidet. Uavhengig av kva for idrettar som kan kome i gang i juni, så vil eg understreke at idretten framleis skal vere ein konstruktiv støttespelar og bidra i dugnaden for å unngå auka smitte i samfunnet. Det er det viktigaste, avsluttar Kjøll.