Klart for ny bil-bingosesong på Sindre

Eit sikkert vårteikn i Markane er når bilane byrjar å tute ved skytebana på Sindre. Då veit ein at årets bil-bingosesong er i gang.

Tut-tut: Søndag vert ein ny bil-bingosesong tuta i gang ved skytebana på Sindre.  Foto: Andreas Solvik

Nyhende

– Vi brukar å starte rundt 17. mai og held på ut august månad, fortel Paul Hatledal. Han blir nesten svar skuldig på spørsmålet om kor lenge ein har arrangert bilbingoen, men seier det må minst vere 30 år.