Hornindal skisenter:

Vil ha likebehandling

Volda skisenter får driftstilskot frå Volda kommune. Det andre skisenteret i kommunen får det ikkje.

Hornindal skisenter: Skisenteret ønskjer kommunalt driftsstilskot på lik linje med Volda skisenter.   Foto: Arkivfoto: Hornindal skisenter

Nyhende

Gjeldande avtale mellom Volda skisenter og Volda kommune strekk seg tilbake til 2008 då det berre var eitt skisenter i kommunen. Avtalen syner at «Volda kommune yter eit årleg driftstilskot på kr 280.000,- som skal justerast i samsvar med endringa i KPI (Konsumprisindeksen. journ. anm) Basis skal vere indeksen pr. august månad 2008 og driftstilskotet skal utbetalast til Volda skisenter AS pr. 1. oktober kvart år».