Nytt handballstyre i Stryn

Nytt styre: Stryn handball valde nytt styre på årsmøtet. F.v. Rigmor Nesje (sportsleg leiar), Bente Bjerkenås (arrangementsansvarleg), Roy Veamyhr (leiar), Victoria Øvstetun (økonomiansvarleg) og Hege Bjørlo Sandbakk (nestleiar).  Foto: Stryn handball

Nyhende

På årsmøtet til Stryn handball tidlegare i veka vart Roy Veamyhr vald til leiar.

Bente Bjerkenås held fram som arrangementsansvarleg og Rigmor Nesje held fram som sportsleg leiar. Victoria Øvstetun blir økonomiansvarleg og Hege Bjørlo Sandbakk blir nestleiar.

Arthur Almenning og Rita Stølen Veamyhr gir seg etter fem år i handballstyret.