Fylkesmannen til kommunane:

- På tide å opne NAV-kontora

Illustrasjonsfoto.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

- Vi forventar at alle Nav-kontor sørgjer for at innbyggjarane får moglegheit til å komme i kontakt med relevant personell på Nav-kontoret, også ved fysisk frammøte utan avtale.

Dette skriv Fylkesmannen i Vestland i eit brev til alle kommunane i fylket.

For dei mest sårbare brukarane er dei sosiale tenestene i Nav det siste tryggingsnettet. Difor meiner vi at desse tenestene ikkje kan vere utilgjengelege ved at Nav-kontora ikkje er mogleg å oppsøkje utan avtale, seier Fylkesmannen på sine nettsider.

Brevet er sendt til alle kommunedirektørar eller rådmenn i kommunane i Vestland, med ei forventning om at alle Nav-kontor sørgjer for at innbyggjarane får moglegheit til å komme i kontakt med relevant personell på Nav-kontoret.

Vi legg til grunn at det er fullt ut forsvarleg å opne Nav-kontora dersom ein følgjer dei smittevernfaglege råda som gjeld.

Her er brevet Fylkesmannen har sendt til kommunane.