Har på nytt søkt omregulering på Hol.

– Må tilpasse seg det folk vil ha

Nordfjord Hus AS reagerer på at det vart gitt dispensasjon til å byggje fleirmannsbustad på Hogane, men ikkje på Hol. – Det rimar ikkje, seier bustadrådgjevar Rune Solheim.

har håp: Bustadrådgjevar i Nordfjord Hus AS, Rune Solheim, håpar kommunen kan snu og omregulere denne bustadtomta på Hol for fleirmannsbustad. Det er delte meiningar blant naboane på Hol om kva slags type hus som skal byggjast her. Området er regulert til einebustadar. 

Nyhende

I mars avslo teknisk utval ein dispensasjonssøknad frå Nordfjord Hus AS om å byggje ein vertikaldelt fleirmannsbustad på Hol som er avsett for frittliggande einebustader. Kommunedirektøren, som tilrådde avslag, ønskjer ein restriktiv praksis når det gjeld dispensasjonar i eit felt som er under utbygging. Det har og vore delte meiningar blant naboane på Hol om å gi løyve til dette.