Lill Berit (68) og Knut Johan (72) har drive Tjugen Camping i snart 50 år:

Campingliv sidan 1973

I pinsa var det fullt på Tjugen Camping, inngangsporten til Lodalen. – Ja, denne helga måtte vi ta førehandsbestillingar, seier Knut Johan Tjugen.

Drivne i faget: Lill Berit og Knut Johan Tjugen har drive Tjugen Camping sidan 1973. Fleire og fleire av gjestene kjem med bubilar, medan dei yngste gjerne kjem med telt. Campingen er eit ynda utgangspunkt for mellom anna fotturistar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Lill Berit og Knut Johan Tjugen skulle eigentleg opna campingen til påske, men koronaen gjorde at det ikkje vart opning før 28. april. Men i pinsa var det igjen normal drift, og dei besøkande let ikkje vente på seg.