Nye tilbod i sommar:

Digital turorientering og usynlege o-løyper

Denne sommaren blir turorienteringa digital, og ein kan finne o-postar i usynlege orienteringsløyper med den nye mobilappen UsynlegO.

Nytt tilbod: Leiar i orienteringsgruppa i Markane IL, Anne Marie Svarstad, viser fram den nye mobilappen UsynlegO.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

– Orientering er veldig god motivasjon for å kome seg ut, seier leiar i orienteringsgruppa i Markane IL, Anne Marie Svarstad. Etter ein lang koronaperiode og mykje snø i fjellet, er ein no i gang med o-trening, nær-o-løp og usynlege o-løyper.