Hornindal stiller i 3. divisjon

Hornindal stiller lag i 3. divisjon for damer denne sesongen.

Stiller lag: Hornindal stiller damelag i 3. divisjon denne sesongen. Her eit knippe spelarar på trening tidlegare denne veka.  Foto: Hornindal fotball

Nyhende

Laget var eigentleg påmeld i 4. divisjon (sjuarfotball), men no er planane endra. Marianne Vellene og Lars Alv Haugen er trenarar for laget, og klubben har funne ut at dei har nok spelarar til å stille i 3. divisjon.

Tek utfordringane som dei kjem

– Det vart litt brått bestemt, så vi har vel ikkje lagt ambisjonsnivået heilt enno. Målet var å få til eit 11’ar damelag, så får vi ta utfordringane som dei kjem, seier Marianne Vellene.

Dermed er det igjen duka for lokaloppgjer mellom Hornindal og Stryn på damesida. Det er nokre sesongar sidan honndølene stilte med seniorlag for damer.