Solid av Ruben i Florø

Friidrett i Florø: Solid innsats i Florø av Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL, deltok i Fjord 1-leikane i friidrett i Florø sist helg.

Der sette han ny personleg rekord i lengde med 5,84 meter, og han vann også øvinga. På 100 meter fekk han notert tida 12,44 sekund, noko som heldt til sjetteplass.

Det kan elles nemnast at Ruben Alexander deltok i klasse med utøvarar som var eldre enn 15 år.