Barn og ungdom kan drive full idrettsaktivitet frå 1. august

Regjeringa godtek kamp- og konkurranseaktivitet for barn og unge i idretten frå 1. august.
Nyhende

Det er klart etter eit møte mellom idrettspresident Berit Kjøll og kulturminister Abid Raja (V) tysdag. Regelen gjeld for dei som er 19 år eller yngre, og dei kan konkurrere mot andre frå same idrettskrins.

«Fra 1. august gis det unntak fra avstandskravet i covid-19-forskriften ved gjennomføring av konkurranser der alle deltakerne er under 20 år og aktiviteten ikke kan utføres som normalt dersom en skal overholde avstandskravet til enhver tid. Åpningen forutsetter at smittesituasjonen på det tidspunktet tillater det», skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

I barne- og ungdomsidretten har ein kunna trene med fysisk kontakt frå 1. juni. Opphavleg var 1. september formidla som dato for oppstart av kamp- og konkurranseaktivitet, men denne blir flytta fram éin månad.

Idretten jublar

– Avgjerda til regjeringa er utruleg viktig og ei sann lette for alle barn, unge og for heile idrettsrørsla. Det er ei klok avgjerd og vil bidra til å redusere risikoen for fråfall i barne- og ungdomsidretten. No har dei unge utøvarane våre verkeleg noko å sjå fram til etter fellesferien, seier Kjøll.

Samtidig understrekar ho at konkurranseaktiviteten blir avgrensa til å haldast innanfor den enkelte idrettskrinsen.

– Vi er i ein sårbar fase i den gradvise gjenopninga av det norske samfunnet. Avgjerda om å avgrense konkurranseaktivitetane regionalt er fornuftig, då dette både kan redusere smitterisiko og gi betre føresetnader for å utøve smittesporing dersom det skulle oppstå smitte i samband med eit idrettsarrangement, seier Kjøll.

Generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund er blant dei andre som mottek beskjeden på tysdag med glede. Avgjerda til regjeringa gjer at seriespelet for yngre lag kan starte som normalt i haust.

– Dei får òg nokre gode oppkøyringsveker til å trene som normalt. Dette er ei svært gledeleg melding, seier Langerud.

Viktig skritt

Kulturministeren kallar avgjerda på tysdag «nok et skritt i retning av normalisering i samfunnet».

– Vi er mange som er utolmodige på vegner av idretten, meg sjølv inkludert. Det er reguleringane til helsestyresmaktene som set avgrensingar for aktivitet. Eg er glad for at eg i dag kan informere om at det igjen kan opnast for vanleg barne- og ungdomsidrett. Det kan konkurrerast innanfor grensene til dei respektive idrettskrinsane frå 1. august. Det betyr mykje for mange, seier Raja.

Mange har vore bekymra for fråfall i barneidretten sidan det ikkje har vore tillate med kampaktivitet.

– Vi veit kor viktig idrett er som møteplass og sosial arena for barn og unge over heile landet, og dette er nok eit skritt i retning av normalisering i samfunnet, seier Raja.

(NPK)