Mykje snø i høgda: Gamle Strynefjellsvegen opnar måndag

Det er mykje snø i fjellet, og dermed har det også blitt ein solid jobb å gjere for dei som skulle frese opp Gamle Strynefjellsveg.

God jobb: Det har vorte gjort ein god jobb med å frese opp Gamle Strynefjellsveg.  Foto: Kjell Nesje

Nyhende

Den flotte fjellvegen mellom aust og vest som stod klar i 1894 har blitt ein spektakulær turistveg, der han står som vitnemål om gammalt handverk.

Handlaga murar, stabbesteinar, steinheller som vegfarande brukte til overnatting.

Denne vegen vart bygd då hest og kjerre var meir vanleg enn bil, og spor av gamle kløvstiar går rett ved sida av vegen.

Men førebels blir det nok ei stund til alt dette blir synleg. Det var mykje snø som skulle vekk før vegen kunne bli klar for opning. Høge brøytekantar vitnar om dei store snømengdene som kom ned i vinter.

Mykje snø: Det er mykje snø på strekninga der Gamle Strynefjellsveg går, det fekk mannskapet merke då dei skulle arbeide med å få opna vegen. Foto: Kjell Nesje  Foto: Kjell Nesje

Litt fiksing på vegen måtte også til før han kunne bli farande for turistar i bil og på sykkel.

Men no ser alt ut til å vere klart, både på austsida og vestsida.

I løpet av måndag vil Gamle Strynefjellsveg etter planen verte opna for vegfarande, opplyser Andreas Sande Lien, driftsansvarleg i Statens Vegvesen, til Fjordingen.