UP har ekstra kontrollar i sommar – både rv 15 og Kvivsvegen er med

Utrykningspolitiet har offentleggjort lista over strekningar som vert spesielt prioriterte i sommar. Både rv 15 Otta-Måløy og E39 Volda-Vestland grense er med.

Fleire patruljar: Rv 15 Strynefjellsvegen vert hyppig trafikkert av UP i sommar. Fleire patruljar er i drift heile tida, opplyser UP. Foto: Bengt Flaten 

Nyhende

Statistikk frå dei siste fem åra viser ifølgje ei pressemelding frå UP at det er sommaren som er den farlegaste perioden når det gjeld trafikkulukker.