Frå servitør til gründer med eiga millionbedrift

Ferierer i Stryn: – Denne sommaren skal eg vere mykje i Stryn Kanskje flytter eg heim ein gong?  

Eigentleg handlar alt om sal. T.d. å vaske bladhyllene på Narvesen og å servere gjestene på Alexandra

Nyhende

Stryningen Helge Bharat Johnsen (35) vaks opp i Urastegen i Stryn. Som dei aller fleste fullførte han vidaregåande skule i Stryn. Han gjekk på kokk- og servitørlina med lærlingplass på Hotel Alexandra, og etter kvart fagbrev i servitøryrket. Han hadde ingen tankar om å flytte bort frå Vestlandet. Oslo tykte han var for stort og framand. I dag kan han vise til si eiga millionbedrift i nettopp Oslo.