Måtte forlate kontrollplassen utan tilhengaren

Kontroll ved Kjøs bru: Ein sjåfør måtte sette igjen tilhengaren då vogntoget var for langt.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru måndag.

Det vart skrive ut tre bruksforbod. Ein sjåfør måtte sette igjen tilhengaren då vogntoget var for langt, ein sjåfør måtte sikre lasta betre før vidare køyring og ein sjåfør måtte skaffe ekstra spegl for å tilfredsstille kravet til spegl ved køyring med campingvogn.

Det vart skrive ut tre mangellappar for defekte lys og oljelekkasje, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.