– Det går over all forventning

Tilnærma fullt belegg for Hotel Raftevold i juli.

Positivt overraska: – I juli har vi tilnærma fullt belegg, det hadde vi aldri tort å håpe på, seier hotellsjef ved Hotel Raftevold, Anders Aarebrot.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Det såg veldig mørkt ut då koronasituasjonen tok til og alle måtte stenge, men det har verkeleg gått over all forventning. Vi rekna med ein roleg start då vi opna opp att, men då tok vi skammeleg feil. I juli har vi tilnærma fullt belegg, det hadde vi aldri tort å håpe på, seier hotellsjef ved Havila Hotel Raftevold, Anders Aarebrot.