Vertskapet ved Josybuda på Kalvatn:

Har kjempa om eit kafeteriaskilt i 3 år

Vertskapet ved Josybuda på Kalvatn har fånyttes kjempa for eit skilt med kafeteriasymbol ved Kvivsvegen for å opplyse bilistane om at dei finst.

Ønskjer kafeteriaskilting ved E39: John Leirvik ved Josybuda på Kalvatn har lenge ønska skilting som fortel bilistane på E39 om tilbodet på Kalvatn. – Om vi ikkje tilfredsstiller krava om eit slikt skilt, så er det mange skilt dei må skru ned langs E39, seier han.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det høyrast kanskje enkelt ut å få ordne eit slikt symbolskilt langs Europavegen, men etter 3 år med førespurnader, avslag og klagar, er det framleis berre ein sjølvlaga papplakat ved E39 som fortel bilistane at det finst ein spisestad her som i tillegg har både overnatting, bubilparkering og tømmestasjon. Vertskapet vil ikkje slå seg til ro med vegvesenet sitt avslag.