Innvik Fruktlager er største bringebærmottak i Norge:

Byggje ut eller fusjonere?

Innvik Fruktlager SA står framfor eit vegskille der eigarane skal ta avgjerd allereie onsdag: Fusjonering eller ekspansjon i Innvik?

Innvik Fruktlager står ved eit vegskille: Onsdag 5. august skal eigarane bestemme seg for om dei vil fusjonere med Lærdal Grønt og Sognefrukt, eller satse på vidareutvikling i Innvik. Styreleiar Steinar Dvergsdal og dagleg leiar Anita Roset.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Innvik Fruktlager har frå 1998 til 2019 auka omsetjinga frå 3 millionar kroner til 56 millionar, og siktar mot vidare vekst i åra som kjem. Nyplanting og planlagd nyplanting tilseier auke på ytterlegare 15 millionar kroner i 2024. I dag er mottaket Norges største på bringebær med over ein fjerdedel av total produksjon.