Annleis landsskyttarstemne i år:

Landsskyttarstemne på heimebane

Årets landsskyttarstemne (LS) på Elverum vart avlyst på grunn av koronapandemien. Det frivillige skyttarvesenet (DFS) opnar for LS på skyttarane sine eigne baner.

Annleis i år: Her er skyttarfolket samla til Landsskytterstemne på Voss i 2012. Årets landsskyttarstemne på Elverum er avlyst, men no blir skyttarane tilbodne eit «heime-LS» som erstatning. DFS håpar på 5.000 deltakarar. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK 

Meistermøtet til skyttarane blir i forlenginga av «Heime-LS» ei spektakulær TV-sending med alle dei beste skyttarane frå LS dei siste 20 åra samla

Nyhende

I perioden 1.–11. august blir derfor dei 830 skyttarlaga i landet tilbodne å arrangere heimebanekonkurransar som er kalla «heime-LS». Målet er at det skal bli like mange deltakarar som eit normalt landsskyttarstemne ville fått.