Bekymra helsetopp

Bekymra: Geir Stene-Larsen, assisterande helsedirektør.  Foto: Ørn E. Borgen

Nyhende

Assisterande helsedirektør Geir Stene-Larsen seier til Dagbladet at dei neste tre–fire vekene vil vise om Norge kan miste kontrollen over koronapandemien.

Etter blomstring i smittetala den siste tida, har regjeringa varsla brems i gjenopninga av Norge. No åtvarar assisterande helsedirektør Stene-Larsen mot at situasjonen kan kome ut av kontroll, skriv Dagbladet.

– Det som gjer oss bekymra er at det verkar som ein del menneske, og særleg yngre, følgjer så dårleg opp smittevernreglane at vi er redde for å miste oversikta, seier han til avisa.

Helsetoppen seier frykta er at det føregår smitte i det skjulte. Han meiner dei neste tre–fire vekene vil vere avgjerande.

– Det som er problemet, er når det blir mykje smitte og kapasiteten til å teste og oppspore blir overskriden. Når det skjer er det kort veg til at vi mistar kontrollen, seier Stene-Larsen. (NPK)