FHI fryktar smittespreiing på festar

Folkehelseinstituttet er bekymra for fadderveka etter fleire smittetilfelle på festar den siste tida.

– Festing blant unge er noko vi ser på med bekymring, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.  Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Festing blant unge og spesielt faddervekene som no skal i gang på universitet og høgskular, er noko vi ser på med bekymring, sa avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Viruset kan spreie seg blant unge

Vold åtvarar om at viruset lett kan spreie seg og starte store utbrot. Ho framheva òg at unge ofte får milde symptom på koronasmitte.

– Det er viktig at studentar kan møtast og byggje sosiale nettverk, men vi åtvarar mot å samle store mengder folk, særleg blanda med alkohol, uttalte ho.

Det er avdekt 28 tilfelle av koronasmitte etter ei rekkje festar vest i Oslo i helga. Fleire smittetilfelle i Bergen blir òg knytte til dei festane.

Høie meiner folk har forstått reglane

Helse- og omsorgsminister Bent Høie trur at dei fleste har fått med seg kravet om maks 20 personar på private samankomstar og éinmetersregelen.

– Eg trur ikkje vi skal peike på ungdom. Eg trur òg vi kan sjå at mange vaksne i sommar har slappa litt ekstra av, men vi ser jo at det er ei auka smitte blant ungdom, sa Høie.

Statsråden framheva at det framleis er viktig at ungdom tek ansvar under pandemien.

– Det er viktig for oss å få fram òg til ungdom at sjølv om dei ikkje føler at dei er i risikogruppa, så ser vi at dei kan spele ei viktig rolle i smittespreiinga, og det betyr at dei kan føre smitta vidare både til foreldre, besteforeldre og søsken som er i risikogruppa, sa han.

Skal følgje smittevernkrava

Også Norsk studentorganisasjon (NSO) understrekar at studentane og studentorganisasjonane er klar over viktigheita av gode smittevernrutinar.

– Studentane og institusjonane som arrangerer studiestart har heile tida planlagt etter retningslinjene vi har i dag. Vi har derfor tillit til at det blir arrangert forsvarleg, seier leiar i NSO, Andreas Trohjell.

Han legg til at faddervekene er viktige for å sørgje for trivsel og at studentane får ein god start på studielivet.

(©NPK)