Gult nivå gir nokså normal skulestart

Dei aller fleste elevane vil møte ein tilnærma normal skulekvardag. Men for 6-åringane vil skulestarten bli litt annleis.

Tonning skule (illustrasjonsbilde).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Det er vanleg at ein har med seg foreldre og kanskje besteforeldre, men det er det ein stor sjanse for at du ikkje kan i år. Dei fleste skular har visse avgrensingar på kor mange du kan ha med, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til NTB.

Det blir i år heller ikkje aktuelt å handhelse på rektor.

– Eg trur dei fleste skular har gode planar for å lage ein god skulestart, men mange må vere førebudd på at han blir litt annleis.

Melby var måndag i Sogndal for å opne Fosshagen utdanningsbarnehage og studieåret på campus på Høgskulen på Vestlandet. Ho skulle òg vitje Sogndal vidaregåande skule.

Neppe full stenging

På ein pressekonferanse tysdag legg Melby fram fleire detaljar om reglane som gjeld for skulestarten.

I midten av mars vedtok regjeringa å stengje norske skular for å hindre spreiing av koronavirus. Skulane vart gradvis opna igjen fram mot sommaren.

At det på nytt skal bli stengde skular over heile landet, har Melby lite tru på. Jobb nummer éin er å halde skulane opne, forklarer ho.

– Veldig mange barn og elevar vil møte ein barnehage- og skulekvardag som er ganske lik den dei hadde før pandemien, seier statsråden.

– Gult nivå tyder at vi har heile skuleklassar saman i vanleg klasserom og ein slepper oppdeling. Det er det viktigaste for å sørgje for fulle skuledagar.

Utfordringar

Samtidig byr koronasituasjonen framleis på utfordringar.

– Det er mange elevar som skal inn og ut av bygget og opphalde seg i gangane. Det er viktig at skulane har gode planar for dette, at ein avviklar friminutt på ulike tidspunkt og ikkje bruker same inngang, seier Melby.

Ei koronatilpassing er at elevane i småskulen skal halde seg innanfor klassen sin.

For elevar på vidaregåande skule er det opning for meir blanding på tvers av klassar. Vurderinga er at dei eldste elevane i større grad klarer å halde avstand seg imellom når dei er på skulen.

Dei same reglane gjeld for heile landet.

Kjem nye reglar

Før sommaren vart det innført eit trafikklyssystem for skulane, med grønt, gult og raudt nivå for smittesituasjonen.

I dag er skulane på gult nivå, og denne veka kjem det nye reglar for korleis dei skal kunne røre seg til anten grønt eller raudt.

– Om det skulle bli meir smitte og vi må over på raudt nivå, må vi ha endå mindre grupper og mindre blanding av elevar. Det tyder at vi ikkje treng å stengje, seier ho.

– Vi har allereie øvd oss på raudt nivå. Eg har god tiltru til at vi er førebudde på det.

Lite heimeskule

Melby ventar at skulane no har sørgt for alternative lokale og gode planar for uteskule, slik at flest mogleg elevar får eit mest mogleg normalt tilbod sjølv på raudt nivå.

I vår fekk mange elevar stifte kjennskap med heimeundervisning og kommunikasjon med lærarar og medelevar på Skype, Zoom, Teams eller Meet. Men i haust blir det avgrensa rom for heimeundervisning, ifølgje Melby.

– Hovudregelen vil vere skuleundervisning, men med ei opning for heimeundervisning. Den viktigaste jobben min akkurat no er å halde skulane opne, seier statsråden. (©NPK)