Tredje strake siger til Stryn:

Held fram med å imponere

Stryn sitt U20-lag for jenter tok sin tredje strake siger måndag.

Ny siger: Stryn jenter U20 kunne juble etter 6-1 over Måløy/Selje/Åheim på bortebane måndag.   Foto: privat

Nyhende

I eit ufyseleg regnver spelte Stryn borte mot samarbeidslaget Måløy/Selje/Åheim måndag kveld.

Veret såg ikkje ut til å påverke strynespelarane i særleg grad, og Are Njøten sine elevar kunne ta med seg ein solid 6-1 siger heimatt.

Emma Njøten (2) og Kaisa Vollsnes Wemby sørga for 3-0 leiing til pause. Nokre minutt ut i andre omgang laga Emma Njøten sitt tredje mål for dagen.

Måløy reduserte, men sigeren var aldri trua. Fleire sjansar vart skapt, og ei ny scoirng av Kaisa Vollsnes Wemby og ei frå Malin Eikenes Tjellaug sikra storsiger 6-1.

Stryn sitt lag: Mia Kristiansen, Hege-Renate Glosvik Espeland, Olivia Vollsnes Wemby, Ingeborg Sofie Sætren, Rebecca Agnethe Tvinnereim, Emma Njøten, Sofie Njøten, Selma Guddal Breivik, Malin Eikenes Tjellaug, Hermine Kjøsnes, Emma Dorthea Lødemel. Innbytarar: Siri Oline Lillestøl, Jenny Taraldsen Guddal, Kaisa Vollsnes Wemby, Maria Belinda Bergset.

Stryn toppar tabellen i avdeling 2 med ni poeng etter tre spelte kampar.