Ed Nordang avslører den originale "Flopasninga" for Arne Scheie

Flopasninga vart eit omgrep under «Drillo» då Jostein Flo spela på landslaget. Men i Stryn praktiserte ein pasninga allereie på 80-talet, og ideen kjem frå ein jugoslavisk handballskule.

Originalen: Langpasninga, som seinare vart kjent som Flopasninga, oppstod på Stryn stadion då brørne Jostein og Kjell Rune Flo spela saman på 80-talet. Kjell Rune slo pasninga og Jostein, med sin enorme luftstyrke, tok den imot. Illustrasjon: Roy Aron Brenvik Myklebust 

Nyhende

I lokalsportprogrammet Sport und Spaß på Radio Stryn førre veke var Arne Scheie og tidlegare strynetrenar Ed Nordang med og kasta nytt lys over den berømte Flopasninga. Dette var trenar Egil «Drillo» Olsen sitt effektive kontringsvåpen på landslaget på 90-talet, der Stig Inge Bjørnebye slo presisjonspasninga frå sin backplass og luftsterke Jostein Flo var mottakaren.