Foreslår kutt på 80.000 kroner årleg til Grobygget

Det er førebels få signal om at Voldapolitikarane ønskjer å kutte i investeringane

Grobygget Kommunen foreslår å spare 80.000 kroner årleg på dette bygget dei neste fire åra. Kva det eventulet vil bety skal foreininga Grobygget kome tilbake til.  

Nyhende

Kommunedirektør Rune Sjurgård gjorde det klart under møtet i Honndalshallen torsdag kveld at dagens økonomiske situasjon krev omprioritering av ressursane for å kunne prioritere utvikling.

– Volda kommune har høgare utgifter enn inntekter og har såleis ikkje økonomisk handlingsrom til å ta på seg nye oppgåver, sa Sjurgard på vegne av administrasjonen som sjølv skal kutte med tre årsverk.


Det spøkjer for kjøkkendrifta i omsorgssenteret

Det er også aktuelt å endre status for Hornindal omsorgssenter frå institusjon til omsorgsbustadar. Det kan også bli kommunalt vaskeri i lokala.


Blant andre tiltak er både høgare eigedomsskatt, auka gebyr, kutt i stillingar, høgare terskel for å få sjukeheimsplass og omsorgsbustad, avhending av skulebygg og grendehus.

På lista er det oppført forslag om «nedlegging» av fem kommunale bygg, deriblant kutt i Grobygget på Grodås. Det kan gi ei innsparing på 80.000 kroner pr. år dei neste fire åra.

Leiar av Foreininga Grobygget, Bjørn Lødemel, seier til Fjordingen han vil kome med eit svar på kva dette eventuelt vil bety for bygget.

Så seint som i mai i år presenterte foreininga omfattande planar for Grobygget.


Foreininga Grobygget:

Skal blåse nytt liv i Grobygget

Planane er klare for det 1.000 kvadratmeter store industribygget på Grodås


- Ingen tydelege signal om å kutte i investeringane

Etter det politiske gruppearbeidet torsdag kveld, sa varaordførar Sverre Leivdal (Ap) at nokre politikarar etterlyste meir utgreiing av ein del av sparetiltaka som administrasjonen presenterte.

– Men det var ingen tydelege signal om at ein ønskjer å kutte i investeringane. Til dømes er det semje om at ny ungdomsskule må prioriterast. Ny symjehall kan bli utsett eller nedjustert til rimelegare løysing, seier han.