Ny siger til Lars-Martin Melheim

Lars-Martin Melheim frå Olden imponerte i Skarsteinsetra Opp nyleg. I helga vart det ny siger på 17-åringen.  Foto: Sigrid Heggestad (arkiv)

Nyhende

Førre helg gjekk Lars-Martin Melheim til topps i si klasse (H17-19) i Skarsteinsetra Opp. Denne helga deltok oldaren i terrengløpet Galdane Rundt i Lærdal, og også der gjekk han av med sigeren. Tida vart 33.13 og han var med det 13 sekund føre andremann.

50 herreløparar fullførte ei løype som går på historisk grunn på delar av den gamle kongevegen over Filefjell, opplyser friidrettsgruppa til Olden IL på Facebook.

Dette var første gong at Melheim deltok i eit løp utanfor Olden, og han vart altså vinnar. Løpet i Lærdal var på 8,7 km i kupert terreng med ei samla stigning på 360 meter.